Pressemelding fra Musea i Sogn og Fjordane:

I samband med «Tour des Fjords» vil du sjå Astruptunet i storformat i nærleiken av Skei. Musea i Sogn og Fjordane gjer dette for å skape «blest» om tunet i samband med arrangementet. Vi har fått med oss NCE Tourism, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sunnfjord Utvikling, Jølster Næringsforum, Jølster kommune og Førde kommune på dette tiltaket, noko vi er særs glade for seier marknadskonsulent i Musea i Sogn og Fjordane Torunn Skarstad.

I samband med Tour des Fjords har Sunnfjord Utvikling arbeidd aktivt for å skape ein stor folkefest på Jølster. Musea i Sogn og Fjordane har samarbeida med Sunnfjord Utvikling og Bjørg Kjos-Wenjum for å få til dette tiltaket. Når rittet nærmar seg Skei, vil de sjå eit stort bilde av Astruptunet, størrelse 10-25 meter, teke av fotograf Espen Mills. Banneren er printa og produsert hos Fluorlux i Stryn. Vi har samarbeida med Jølster 365 , Thon Hotel Jølster og Jølster Næringsforum for å få dette til. Dette er noko vi håpar skaper merksemd og for dei som filmar frå lufta. Vi har satt råma på biletet, for og skape interesse for fotopunkta rundt Jølstravatnet.

Det er naturleg å sette søkelys på Nikolai Astrup i Jølster på ein slik dag, sidan han er den mest kjende kunstnaren frå kommunen. Vi håper at tiltaket vil medføre at enda fleire får augene opp for Astruptunet, og legg turen til Jølster. Hagen i Astruptunet og naturen i Jølster var ei viktig inspirasjonskjelde for kunsten til Astrup. Besøkande vil difor kjenne igjen mange av motiva ved eit besøk i området.

Etter at Nikolai Astrup vart lansert internasjonalt i 2016, har vi merka auka interesse for Astruptunet både nasjonalt og internasjonalt. Musea i Sogn og Fjordane er partner i NCE Tourism, og ein vil no arbeide saman for å sjå korleis ein kan utnytte Astrup-effekten i tida framover.  NCE Tourism fungerer som ein produktutviklingsavdeling i Fjord Norge, og skal bidra til å utvikle, teste og koble kjøparar og tilbydarar av opplevingsprodukt. Vi vil og sjå på muleg samarbeid andre museum, som for eksempel Kode i Bergen

Musea i Sogn og Fjordane har og sett fokus på å arbeide meir med aktivt sal, og deltok i april i år for fyrste gong på Norwegian Travel Workshop. Her hadde ein fokus på sal av alle våre museum, men vi merka auka interesse for Nikolai Astrup og Astruptunet.

Kontaktperson: Musea i Sogn og Fjordane v/Marknadskonsulent Torunn Skarstad Tlf 97076699

Postet av Iselin Andrea Ødemark