Myrkdalen og Flåm  gjer spanande framstøyt mot den asiatiske vintermarknaden!

Med stønad frå NCE Tourism har dei utvikla eit nytt fyrtårnproduktretta mot den asiatiske marknaden, samt delteke i Innovasjon Norge satsinga «Kina 2022».

Det nye fyrtårnproduktet Myrkdalen og Flåm, med stønad frå NCE Tourism, har produktutvikla og lansert er rundreisekonseptet «The Magical Snow & Fjord Experience». Pakka er lansert mot den individuelle marknaden, og er no bookbar på sju språk. Sjå pakka her.

For Myrkdalen og Flåm vert dette eit viktig tilleggsprodukt, til det dei allereie har som sine hovudprodukt i vintersesongen.

Produktet er i tråd med NCE sin vinter strategi:

  1. Koplar by, fjell/snø og fjord
  2. Tilbyr vinteropplevingar utan ski
  3. Volumsatsing

DRAGHJELP AV KINESISK SUPERSTJERNE

Rundt nyttår fekk  nylanseringa til Myrkdalen og Flåm ein skikkeleg kick-start då den kinesiske superstjerna Roy Wang,  vitja området og gjennomførde store delar av rundreisa.

Marknadsdirektør i Myrkdalen, Kaia Finne, har leia satsinga med rundreisekonseptet «The Magical Snow & Fjord Experience», og seier at dette kjennes som ein stor milepæl:

 Heilt ifrå me definerte vinter som ei av fire temasatsingar då eg jobba med Innovativ Fjordturisme, har eg hatt ynskje om å få lansert ei pakke som dette. Med denne pakka på plass har me eit fyrtårnprodukt som inkluderer by, fjell og fjord. Ski er her ikkje hovuddrivaren, men eit  tilleggsprodukt. Når me fyrst fekk sjansen til ei storlansering i samband med besøket til Roy Wang, heiv me oss rundt og fekk lansert same dag i Kina. Det er no jobben byrjar for alvor og me gler oss til å sjå responsen på NTW. Det er jo eigentleg no jobben startar og me må sikkert justera undervegs.

ROY WANG I FJORD NOREG

Roy Wang var i Fjord Noreg blant anna for å gjere opptak til sin nyast musikkvideo. Sjå filmen her! Noregsbesøket til Roy Wang kom i stand som ein del av Fjord Noreg si asiasatsing i samarbeid med Innovasjon Noreg. Fjord Noreg, Innovasjon Norge og reiselivsbedriftene i regionen, har saman jobba knallhardt for å dra nytte av Roy Wang sitt besøk. Det har bore frukter, med over 90 millionar video views frå norgesbesøket. Eit av høgdepunkta ved besøket var då Roy Wang i ein «live streama» seremoni i Myrkdalen vart utnemnd som OL ambassadør for Kina 2022.

NRK – sak

KINA 2022
I samband med Vinterolympiaden i 2022 ynskjer Kina å utvikla seg som vinteridrettsnasjon. Ambisjonane er store og målet er å få opp interessa for vinteridrett hjå 300 millionar kinesarar. Det skal satsast stort både på breidde og topp. Noreg som vinteridrettsnasjon har mykje å bidra med og Innovasjon Noreg set i gang tiltak for å sikra at Noreg som vinternasjon får vist seg fram. NCE ynskjer i denne samanhengen å sikra at Fjord Norge- regionen får sin plass i satsinga ved å setja fokus på fylgjande område:

Fjord Norge  som destinasjon for vinteridrett

  • Treningsleirar
  • Kompetansesenter for vinterarrangement
  • Kompetansesenter med trenarressursar

Fjord Norge som destinasjon for vinterturisme

  • Ski og vinteropplevingar
  • Fjordopplevingar

Prosjektet skal brukast som ein døropnar for å få auka fokus på Fjord Norge generelt, og opp i mot den nye satsinga til Fjord Noreg på nytt marknadskonsept for vinter.

NCE Tourism var representert ved Paal Thunæs og Myrkdalen Hotel på World Winter Sport Expo 2017 i Beijing, 7. – 10. september. Etter dette har det blitt fleire turar til Kina og ein har utarbeida materiell på Mandarin retta mot dei to hovudområda ovanfor.

Satsinga byrjar å bere frukter. Allereie no i april får Myrkdalen og Flåm besøk av fleire kinesiske og taiwanske grupper, skiklubbar og turoperatørar.

Postet av Gry Bystøl