NCE Tourism Fjord Norway har hatt den utruleg spennande oppgåva med å utvikle Kystpilegrimaleia på vegne av 5 fylkeskommune og 4 bispedømer. Riksantikvaren har også delteke.

Vi har reist heile leia, vi har snakka med reiselivsbedrifter, destinasjonsselskap, representantar frå kyrkja, transportselskap, båteigarar, opplevingsbedrifter – og ikkje minst så utruleg mange entusiastiske og kunnskapsrike enkeltpersonar !

NCE Tourism har jobba med prosjektet i 1,5 år, og på denne tida har vi utvikla ein hovudtur frå Egersund til Trondheim som tek 11 dagar. Turen baserer seg på offentleg transport, inkluderer besøk på alle dei 26 nøkkelstadane, føresleg overnattingsstader og spisestader. Opplegget fungerer fint til vidaresal til turoperatørar som ønskjer å ha med sine gjester på reisa langs Norske-kysten.

I tillegg har vi laga 4 etappetur-forslag – som vi ønskjer skal inspirere til å vere i ein region lenger, og oppleve alt det spennande som er i dei enkelte områda.Turane kan reisast om du reiser ålene, eller med eigen båt oppover langs kysten.

Vi har også, saman med Aispot, utarbeida ein digital reiseassistent for Kystpilegrimsleia. Denne hjelper til med å leite opp informasjon knytta til den staden som den reisende er til eikvar tid.

Dei 26 nøkkelstadene er sentrale i kystpilegrimsleia. Desse er plukka ut av fylkeskommunane fordi dei har ei særegen historie, er viktige kulturminne på staden og eller har stor religiøs betydning. Besøker ein eitt i kvart fylke, får stempel, og oppnår 5 totalt, kvalifiserer ein til å motta Olavsbrevet i Nidaros.

Vi har også utarbeida ei eigen brosjyre som fortel noko om kystpilegrimsleia si historie og kven dei første var som reiste denne vegen til Nidaros. Brosjyra fortel og om dei ulike tekstane ein kan høyre i kyrkjene langs kysten.

Fjord Norge legg også ut etappeturane som inspirasjon og reiseforslag gjennom sine kanalar.

Alt dette finn du meir om på www.pilegrimsleden.no.

Tusen takk til Notum AS, Stiftinga Sankta Sunniva Selja og Stad, Aispot, Norges Vel, Nasjonalt Pilegrimssenter og alle som har hjelpt NCE Tourism i arbeidet med å hente informasjon, pakketere turen og bistå i testturen der vi hadde med oss fleire internasjonale turoperatørar.

Vi ønskjer å rette ei stor takk til fylkeskommunane og bispedøma for oppdraget. De har vore uvurderlege og kunnskapsrike ressurspersonar for oss i arbeidet og ikkje «berre» oppdragsgjevarar.

Vi ønskjer alle ei riktig god pilegrimsreise langs kysten. Det er ei reise verdt å få med seg.

Postet av Gry Bystøl