Fjord Norge AS skal i gang med utarbeiding av eit nytt marknadskonsept for vinterturisme i Fjord Norge. NCE Tourism skal i denne satsinga vera med i prosjektgruppa som utarbeider eit nytt kommunikasjonskonseptet og tilhøyrande fyrtårnprodukt. Sentralt i denne satsinga står koplinga av vinteropplevingar i fjellet med fjordopplevingar og by. Me har mange ulike kvalitetar å spela på i vinterhalvåret og ser fram til å ta dette ut gjennom film, foto, tekst og produkt. Målsetjinga er sjølvsagt å få til eit skikkeleg løft i vinterhalvåret.

Målet er å ha klart dette arbeidet innen utgangen av 2017.

Postet av Iselin Andrea Ødemark