Er det rom for stisykling i utmarka?

Stisykling kan bli eit viktig opplevingsprodukt i Norge, men finst det rom for denne aktiviteten i utmarka? Det skal under lupa i eit 3-årig forskingsprosjekt leidd av Vestlandsforsking.
Mektig natur tek seg godt ut frå sykkelsetet. Friluftsinteresserte har brukt vestlandsfjella på denne måten i fleire år, og no opnar regjeringa for å sidestille sykling med vandring i utmarka. Det gir kommunane utfordringar i å skape sameksistens mellom ulike brukargrupper i område som allereie er hyppig brukt til turgåing, sanking og jakt.

Ulike interesser

I 2016 starta Vestlandsforsking og kommunane Luster, Sogndal og Gloppen eit forskings- og utviklingsprosjekt om såkalla «fleirbruk» av utmarka. For kommunane som er med er det viktige å få hjelp til å balansere mellom å støtte nye initiativ og å verne om interessene som alt er i eit område. Spørsmålet er kven som skal vike når interesser kolliderer, og kva rolle kommunen kan ta i å styre dei ulike aktivitetane.

Kommunen kan samordne

Fleire kommunar satsar no på stisykling og vandring som nye tilbod i det lokale reiselivet. Samtidig byggjer bønder og grunneigarar opp jaktturisme og andre konsept i den same utmarka. Målet til prosjektet er at kommunane skal kunne samordne ferdsla i populære delar av utmarka på ein god måte i lag med brukargruppene.

Prøver ut grep

Vestlandsforsking skal prøve ut konkrete verkemiddel og tiltak i dei tre åra prosjektet varar. Melom anna kan det bli aktuelt å teste ut tidsbasert deling av eit skogsområde i haustjakta, slik at jegeren kan jakte i fred morgon og kveld, medan syklistane kan ferdast trygt midt på dagen. Målet er at alle som brukar utmarka skal finne ei felles forståing som tek omsyn til lokal verdiskaping, grunneigarinteressene òg til allemannsretten.

Finansiering: Regionalt Forskingsfond Vestlandet og kommunane Luster, Sogndal og Gloppen
Prosjektleiar: Eivind Brendehaug, Vestlandsforsking, E-post: ebr@vestforsk.no

Postet av Dag J. Aksnes