Kina er truleg den marknaden det vert stilt flest spørsmål kring, og vist mest interesse for, i dagens reiselivs-Noreg. Difor inviterar  NCE Tourism og Fjord Noreg til workshop  om Kina – den spanande langdistansemarknaden.

Fredag 8. juni 10:00 – 13:00 i NCE Tourism / Fjord Noreg sine lokale i Bergen

Program:

10:00     Kristian B. Jørgensen, Direktør i Fjord Noreg. Fjord Noreg sin satsing og strategi retta mot den asiatiske marknaden generelt og Kina spesielt.

10:40     Kaia Finne, Marknadssjef i Myrkdalen: Konsept og produktutvikling – heile             året, ved satsing på den asiatiske marknaden.

11:10     Paal Thunes, Salssjef i Myrkdalen: Prosjektet KINA 2022, samt praktiske erfaringar etter fleire møte med den kinesiske turoperatøramarknaden.

11:30     Ingunn Sakshaug, Destination Manager Norge og Island i Tumlare: Kva må reiselivsaktørane i Fjord Noreg ha fokus på i arbeidet mot den kinesiske marknaden. Møter ein andre krav og forventningar sett opp mot andre marknader?

11:55     Heine Eliassen, Sal- og Marknadsdirektør i Fjord Tours: Fjord Tours sine perspektiv på Kina, erfaringar med FIT marknaden.

12:15  –  13:00   Lunsj og diskusjonar

Påmelding per e-post til gry@ncetourism.com                          NB – berre 20 plassar, fyrste mann til mølla!

Workshopen er gratis for NCE Tourism sine partnarar.

Postet av Gry Bystøl