30. juli i år sende ei gruppe bedrifter med grobotn i NCE Tourism Fjord Norway klynga støtta av NORTIND og Naturguideforbundet eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet. Brevet er eit «opprop» frå bransjen, som krev at arbeidet med å regulere aktivitetsturisme og guiding i Norge no vert sett i gang for alvor. Brevet kan du lese i sin heilskap under…

 

Til: Nærings- og fiskeridepartementet

BERGEN 01.07.19

NOTAT: BEHOV FOR NASJONALT RAMMEVERK FOR AKTIVITETSTURISME OG GUIDE SERTIFISERING

At Noreg manglar eit nasjonalt lovverk med retningsliner og krav til kven som kan guide i norsk natur, er heilt klart ei felles utfordring for bransjen. Mangel på lovverk og retningsliner opnar opp for useriøse aktørar i bransjen. NCE Tourism Fjord Norway klynga (NCE T) har etter mange års erfaring med guida aktive opplevingar, identifisert eit stort behov for internasjonalt sertifiserte guidar og strengare nasjonale krav til bransjen.  

Dette brevet er eit «opprop» frå bransjen med grobotn i NCE Tourism Fjord Norway klynga, støtta av NORTIND og Naturguideforbundet, kor me krev at arbeidet med å regulere aktivitetsturisme og guiding i Norge no vert sett i gang for alvor.

No-situasjon for aktivitetsbransjen i Noreg

Bedriftene som står bak dette brevet opplever at det i dag er få krav til bransjen. Dei av bedriftene som i tillegg til aktivitetsturisme driv noko for form matservering opplever at det for matservering er regelverk, kontrollrutinar og tilsyn, ved mattilsynet, skjenkekontroll, brannvesen, el-kontroll, med meir. Til samanlikning opplever ein at aktivitetsbransjen er svært lite regulert.

«Det er i dag strengare krav til å steike halvfabrikatproduserte rundstykker, enn til å drive med aktivitetsturisme i Noreg.» (Bedriftseigar, aktivitetsbedrift)

No-situasjon innan guiding i Noreg

I Noreg i dag har ein gode guideutdanningar på høgt nivå, ref NORTIND som utdannar guidar til alpin ferdsel sommar som vinter. Samstundes kan Naturguideforbundet truleg innan kort tid, byrje å sertifisere «Mountain Leaders» etter den internasjonalt anerkjende UIMLA standarden https://www.uimla.org/. Som inneber at ein kan guide sommar som vinter i terreng «opp til» alpin ferdsel. Guidar utdanna etter UIMLA standarden vil kunne avløyse NORTIND guidane, og dette nye guideløpet er ynskt velkomen av NORTIND. Båe desse guideutdanningane er utdannningsløp som tek kring 3 år eller meir å fullføre.

Bransjen sjølv ser eit stort behov for at det vert sertifisert og utdanna fleire «adventure guidar», med eit kortare utdanningsløp.  Desse skal handtere mengda av guideoppdrag på eit lågare teknisk nivå enn UIMLA og NORTIND guidar, og aktivitetar som ikkje er «fjellrelaterte». Med dette meinast aktivitetar som kajakk, sykkel, enklare vandreturar og ski/snø aktivitetar, klatrepark og via-ferrata, rafting og andre vassaktivitetar, med kortare varigheit.

Denne «adventure guide» utdanninga bør bygge på internasjonale anerkjende ordningar, og plasserast i eit nasjonalt rammeverk, saman med NORTIND og UIMLA.

NCE T klynga har over ein lengre periode engasjert seg i arbeidet kring guideopplæring og sertifisering. Status på dette arbeidet er:

NCE Tourism Fjord Norway, Opplysningskontoret for Terrengsykling og Norske instruktører og guider NIG (tidligere Skiskolenes bransjeforbund), har utvikla Norsk MTB instruktør- og guide sertifisering. Dette er ein «mountainbike» instruktør- og guideutdanning på tre nivå, som no er ferdigstilt og fullt operativ. Prosjektfasen er no avslutta og MTB guideopplæringa og sertifiseringa vert no drive vidare av NIG (sjå vedlagt pressemelding). 

NCE T har sidan Adventure Travel Trade Assosiation (ATTA) tok initiativ til Adventure Travel Guide Standard (ATGS) vore engasjert i arbeidet, og har hatt ein plass i Governance Board som har utvikla standarden.

Kvifor er det viktig at norske guideutdanningar er internasjonalt anerkjende?

Bransjen sjølv meiner at norske guideutdanningar ikkje har særleg stor verdi ut mot internasjonale gjestar, dersom den ikkje har eit «internasjonalt stempel» på seg.

Særleg i kontakt med internasjonale turoperatørar er det særs viktig med ei sertifisering av guidane som er internasjonalt anerkjend og attkjenneleg for turoperatørane.

Det vil også vere til stor hjelp for bedriftseigarar/drivarar i tilsetjingsprosessar om guidane som søkjer på jobb er internasjonalt sertifiserte, og difor kan vise til ei kvalitetssikra utdanning.

Vegen vidare – utfordringar og moglegheiter

Prosjektperioden til NCE Tourism går ut no 30.09.19, difor får ikkje NCE Tourism fylgd dette arbeidet «heilt til døra». Me er no bekymra for at det gode arbeidet som er gjort fell på steingrunn, og at ein nok ein gong må byrje heilt på ny i diskusjonar rundt regulering av aktivitetsturisme og guideproblematikk i Noreg.

Bransjen tykkjer det er svært spennande om ein kan få i gang ein nordisk pilot og samarbeid, dersom det er interesse for dette i dei andre nordiske landa, og ein kan få stønad frå Nordisk Råd til eit slikt arbeid. Vidare ynskjer me å utvide samarbeidet med norske utdanningsinstitusjonar.

Ei samla næring i Fjord Noreg med organisasjonane NORTIND og Norsk Naturguideforbund i ryggen, ynskjer no verkeleg å ta tak i arbeidet med å få opp å stå eit nasjonalt rammeverk for aktivitetsturisme, kor guidane er sertifiserte  etter internasjonalt anerkjende ordningar.

Me som signerer dette brevet ynskjer dialog med Nærings- og fiskeridepartementet om dette snarast, og håpar de raskt imøtekjem og respekterer eit slikt Initiativ frå bransjen.

Initiativtakarane vil no opprette ei nasjonal arbeidsgruppe, og ynskjer dialog med NFD om økonomisk stønad til drift av denne arbeidsgruppa.

NOTE 1: Erfaringa til NCE T etter mange års engasjement i guide saka er at ein må avgrense saksområdet. Innan fjellføring i bratt/alpint lende med tau, har NORTIND ein sterkt posisjon nasjonalt knytt mot det internasjonale fjellførarforbundet IFMGA/IVBV, som ein ikkje på noko måte ynskjer eller ser behov for å utfordre. Men denne posisjonen må også forankrast i eit nasjonalt rammeverk.

NOTE 2: Det er viktig for guidebedriftene i NCE Tourism klynga å presisere at ein i denne samanhengen ikkje ser på turleiarkursa innanfor DNT systemet som guideutdanningar. Dei er etter vårt syn nasjonale turleiarutdanningar retta spesifikt mot kompetansen som trengst for å kunne vere turleiar for andre medlemmer i DNT. Det er ikkje ei opplæring som er mynta på at ein skal ta fullt ansvar for sikkerheita og opplevinga til betalande kundar.

 

Med venleg helsing;

Bergen Basecamp

Contrast Adventure

DID adventure

Fjord Cycling

Hvitserk & Eventyrreiser

Kayak The Fjords

NCE Tourism Fjord Norway

Mo Laksegard

Njord

Nordfjord Aktiv

Norway Adventures

Outdoorlife Norway

Trolltunga Active

Uteguiden

NORTIND – Norske Tindevegledere

Norsk Naturguideforbund

 

 

 

Postet av Gry Bystøl