Han er frå Nord-Italia, er mellom 35 og 55 år, og har minst fire gonger høgare inntekt enn snittet i EU. Han blir lenge – og «han» kan like gjerne vera ei ho.

NCE Tourism og forskarane ved Vestlandsforsking, Universitetet i Stavanger, Transportøkonomisk Institutt og Høgskulen på Vestlandet veit no meir om «draumeturisten» enn dei fleste andre, etter å ha intervjua heile 5000 turistar frå heile verda.

I tillegg til transport og overnatting viser undersøkinga at gjennomsnittsturisten legg att 1300 kroner per døgn på ferie i Fjord Noreg. Undersøkinga viser vidare at «draumeturisten» i tillegg til å bli lenge i regionen, altså må ha høgt forbruk – men også lågt miljøavtrykk.

Tida er inne for å vri fokus – turistane må bli lenge i Fjord Noreg når dei fyrst kjem

Det er viktig at turistane blir lenger på kvar stad. Har ein til dømes ein million gjestedøgn, og folk blir i snitt 10 dagar, så blir det 100 000 ankomstar. Blir dei i snitt to dagar, så blir det 500 000. Dette krev til dømes større flyplass, fleire byte av sengetøy på hotella, skaper køar og trengsel og aukar klimagassutsleppa mykje, seier forskar Ove Oklevik.

Fleire opplevingar i form av aktivitetar er ein viktig nøkkel til ei framtidig reiselivsnæring, som både er miljøtilpassa og økonomisk lukrativ. Her ligg stort potensiale, meiner forskarane bak denne breie undersøkinga.

Undersøkinga viser at samla sett er AirBnB-turistane ikkje våre mest lønsame turistar, særleg når overnatting på hotell blir rekna inn. Men forskarane er slett ikkje sikre på at å fjerne AirBnB ville medført fleire kundar til dyrare overnattingstilbod.

Sjølve studien merkar seg ut i breidde og kvalitet, med over 153 datainnsamlings-dagar. Spørjeskjema vart brukt på fleire språk, i ulike transportsituasjonar. Intervjua vart gjennomført på seks stader, inkludert flyplassen i Bergen, ferjeterminalar i Kristiansand, Hella og Lavik, samt sentrum av Bergen.

Arbeidet er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet og NCE Tourism i innovasjonsprosjektet for næringsliv «Tourism Elasticities».

 

For informasjon om detaljar i datagrunnlaget:

Ove Oklevik, Høgskulen på Vestlandet, 957 26 238, Ove.Oklevik@hvl.no

 

Sjå også forsking.no; Draumeturisten er ein rik italienar

Samt vitskapeleg artikkel på engelsk

Postet av Gry Bystøl