NCE Tourist Fjord Norway har hatt gleden av å delta i utviklingen av Travel Like the locals i Sogn og Fjordane, Hordaland og i Rogaland.

Samarbeidet mellom transportørene og reiselivsbedriftene er styrket og det er gledelig at vi nå kan utnytte ledig kapasitet både på buss og båt til det beste for reiselivet.

Under følger en god oppdatering om prosjektet:

Viss ein ikkje berre vil reise frå A til Å, men ønsker ein rundtur eller ein tur som ikkje går rakaste veg, er det ikkje så lett å finne ut korleis ein gjer det med offentlig transport. Derfor utvikla Møre og Romsdal fylkeskommune i 2016 konseptet “Travel like the locals” – eller «Reis som dei lokale». Dette er “ferdigpakka” turar med offentlig transport som inneber spanande reiser til fine destinasjonar. Turane kan kjøpast på førehand på nett eller på ulike utsalsstader som turistinformasjon eller liknande.

No kjem dette tilbodet til Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Hausten 2018 blei saka tatt opp i Vestlandsrådet og det blei fatta politiske vedtak i dei tre fylkeskommunane. I januar 2019 blei det satt i gong eit oppstartsprosjekt med ein prosjektleiar med erfaring frå Møre og Romsdal.

Frå januar til april har det vore jobba med å forankre prosjektet hos fylkeskommunane, trafikkselskapa Kringom, Skyss og Kolumbus og hos reiselivsnæringa, representert ved destinasjonsselskapa.

Fylkeskommunane, trafikkselskapa og destinasjonsselskapa er litt ulikt organisert i dei fire vestlandsfylka, så driftsmodellen frå Møre og Romsdal kunne ikkje utan vidare overførast til dei tre andre fylka. Det var derfor ikkje sjølvsagt kven som skulle ha det operative ansvaret i dei tre «nye» fylka. Vi har enda opp med ein modell der det er to destinasjonsselskap som har tatt på seg denne jobben. Visit Nordfjord skal ha ansvaret for turane i Sogn og Fjordane, medan Destinasjon Voss har tatt på seg å drifte turane både for Hordaland og Rogaland. Dei andre destinasjonsselskapa og turistkontora skal bidra med marknadsføring og sal.

Prosjektet er no inne i ein praktisk fase, der vi jobbar med å legge turar inn i bookingsystem og får på plass nødvendige rutinar. Destinasjonsselskapa har kome med forslag til turar, og etter hard prioritering nærmar vi oss no den endelege lista for første sesongen . Totalt blir det om lag 50 turar i dei tre fylka. Startdato for sal av turane er enno ikkje heilt klar, men målet er å ha turane tilgjengeleg i løpet av mai.

I tillegg til å gjere det enklare for turistar å reise kollektivt, vil dette konseptet kunne bidra til å få fleire reisande på buss- og båtruter som ikkje har så stort belegg, og dermed bidra til å oppretthalde kollektivtilbodet i distrikta. Destinasjonsselskap og turistkontor får eit bærekraftig produkt å selje, og dei som reiser på eigen hand får ein betre moglegheit til å oppleve Vestlandet med kollektivtransport. Ein vinn-vinn-vinn-situasjon!

Allereie no tenkjer vi vidare enn første sesong. Ønsket er ein felles portal og sterkare samanknyting av heile Vestlandsregionen med slike turar. Vi ønsker og å utvide med fleire turar. Dette krev koordinering og finansiering, og vi vil jobbe gjennom Vestlandsrådet og dei ulike fylkeskommunane for å sjå på ulike moglegheiter.

For meir informasjon om prosjektet, kontakt prosjektleiar Marit Holen (marit.holen@mrfylke.no)

Postet av Gry Bystøl