Møre og Romsdal set stadig meir fokus på å utvikle lokalt reiseliv. Målet er å bli Norges leiande fylke innan kombinasjonen reiseliv, mat og kultur. Reiseliv, mat og kultur 2018-2020 – eit samarbeidsprosjekt mellom næringsaktørar og det offentlege. Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjekteigar, med fylkesmannen og Innovasjon Norge som viktige samarbeidspartnarar. Prosjektet er organisert i fire delprosjekt;  Produkt- og konseptutvikling, Kompetanse, Marknadsføring og merkevarebygging, Distribusjon og logistikk. For NCE Tourism deltar Dag Aksnes i prosjektet.

I samband med prosjektet vert det invitert til Opplevingsfestival 11. og 12. februar i Fosnavåg. Dette blir ein møteplass for aktørar frå kultur, lokalmat og reiseliv der målet er å styrke Møre og Romsdal som opplevingsregion.

 Les meir om festivalen og meld deg på her: 

Møte i prosjektgruppa

Bakgrunnen for prosjektet

Møre og Romsdal blir eit stadig meir populært reisemål, og turistane etterspør i større grad det autentiske og «det vesle ekstra». Lokale mattradisjonar er ein viktig del av vår kultur, og det å kunne gi tilreisande og lokalbefolkning gode matopplevingar er eit viktig verkemiddel for auka lønsemd i reiselivsnæringane. Dette prosjektet skal bidra til å løfte fram og koble lokal mat til lokale natur- og kulturopplevingar, slik at Møre og Romsdal kan bli Norges mest attraktive og lønsame reiselivsfylke.

Møre og Romsdal fylkeskommune tok hausten 2015 initiativ til å etablere forprosjektet «Mat og reiseliv i Møre og Romsdal – grøn og blå sektor». Forprosjektet hadde som mål å finne ut kva som skal til for at Møre og Romsdal skal bli kjent som eit «matfylke» i reiselivssamanheng, og ikkje berre som råvareleverandør. Det blei også arbeidd med å finne svar på kvifor vi ikkje har lukkast med å gjere lokale råvarer meir tilgjengelege for lokalbefolkning og tilreisande. Det blei gjennomført ei omfattande kartlegging blant reiselivs- og mataktørar lokalt i fylket, nasjonalt og til dels internasjonalt, som resulterte i rapporten «Lokal mat for lokal utvikling» av Lønning og Barstad (2016).

Les meir om prosjektet her.

Postet av Gry Bystøl